Nyheter fra grunneierlaget

Julehelsing frå styret i Skjelstadmark grunneierlag.

Da er det meste av jakta for denne sesongen ferdig. Eg har ikkje den fulle oversikta mht. jakta enno, men det ser ut som mykje  har vori på det jamne. Unnataket er elgen, vi visste at det var lite elg, og tok nokre grep i samband med tildelinga. Etter kvart viste det seg at det var enda mindre enn det vi trudde. Difor stoppa styret jakta den 14.11. Dette skjedde i samråd med jaktleiarane, og vi vil takke dei for forståing og samarbeid. Håper at det kan gje betre resultat seinare.

Styret i Skjelstadmark grunneierlag vil ønske alle våre samarbeidspartnarar og alle jegarar ei triveleg julefeiring.

For styret i Skjelstadmark grunneierlag , Reidar Bidtnes (leiar)

Har du lest …

Legg inn en kommentar